ElevpermisjonInformasjon om elevpermisjonarI opplæringslova står det fylgjande: §2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa.«Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. »«Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.» Forskrift om permisjonar frå grunnskuleopplæringa, Skjåk kommune, Innlandet.Ein kan gje elevane permisjon av fylgjande grunnar: Viktige velferdsgrunnar Viktige hendingar i nær familie. Ferieopphald saman med foreldre/føresette når heilt spesielle grunnar har hindra familien i å vera saman i den vanlege ferien til skulen. Heimane må ikkje gjera bindande avtaler eller bestille billettar til reise før skulen har innvilga søknaden. Deltaking i større idretts- og kulturarrangement. Arbeid som tillitsvaldAndre særlege tilhøve. Det er ein føresetnad for å innvilge permisjon at eleven totalt sett får ei forsvarleg grunnskoleopplæring trass i at det er gjeven permisjon. Skulen skal derfor gjera ei konkret vurdering av den enkelte søknad, ut frå ei individuell forsvarlegheitsvurdering. Dette gjeld også:Ein kan berre gje permisjon til elevar etter skriftleg søknad frå foreldre / føresette.Søknad om fri inntil tre dagar blir avgjort av kontaktlærar i Visma føresetteapp.Søknad om permisjon utover tre dagar skal skrivast på eige skjema som ligg i Visma Flyt skule Etter samråd med kontaktlærar blir saka avgjort av rektor.Når eleven får permisjon, har foreldre/føresette ansvaret for opplæringa i den perioden eleven er borte frå skulen. Søk om fri og elevpermisjon i Visma føresetteappEventuelt avslag på søknaden kan ein anke til Statsforvaltaren i Innlandet innan tre veker etter at avslaget er motteke. Anken kan sendast til skulen som vidaresender den.FråværAlt fråvær skal varslast i Visma-appen, Flyt foresatt. Dersom ein elev ikkje møter på skulen, og fråværet ikkje er varsla, vil skulen ta kontakt med heimen for å avklare fråværet. Planlagt fråvær må ein søkje om i god tid.