MOT er ein organisasjon som arbeider for å gjere ungdom bevisste på å ta val som gjer at dei meistrar livet betre og inkluderer alle.
På Skjåk barne- og ungdomsskule har vi 2 MOT-coachar som gjennomfører 14 besøk i klassene på ungdomsskulen. Programmet heiter «Robust ungdom». Målet er å styrke ungdom sin robustheit og motstandskraft, og å skape klassekulturar og eit skulemiljø der alle er inkludert.
MOT sine grunnverdiar er:
- MOT til å leve
- MOT til å bry seg
- MOT til å seie nei
I tillegg har vi Ungdom med MOT i 9. klasse. Dei får skolering og skal besøkje 7. klasse om våren og førebu dei til start på ungdomsskulen.
MOT sine mål er:
- Robuste ungdommar som tek bevisste val og trur på eigne krefter.
- Gode miljø der ungdom aksepterer forskjellar og gjer kvarandre verdifulle.
Lenke til MOT og MOT-programmer