SUPER!! (1.–4. trinn) er eit program for å bygge trygge og gode klassemiljø, og ivareta barna sine naturlege tendens til å like seg sjølv. I ei «SUPERklasse» er alle like viktige, og dei lærer om likeverd, tilhøyrigheit og mangfald. Elevane øver og lærer om sosial kompetanse gjennom leik, refleksjon, undring og historier. Dei blir kjent med eigne og andres følelsar, sjølvregulering, og elevane lærer om hjernen sin magi.
SUPER!! ønskjer at kvar enkelt elev skal forstå seg sjølv betre, både i og saman med andre. Ha ei breiare forståing av eigne følelsar og reaksjonsmønster. Elevane undrar seg, utfoldar seg kreativt og opplev ein trygg skulekvardag, der kvar enkelt elev opplever at dei er like viktig.
For å skape eit godt miljø krev det samarbeid og forståelse. Vi lærer mens vi går, og det er lettare om vi går saman.
SUPER+ er ei vidareføring av SUPER for 5. klasse. Vi arbeider med det same, utvikle robuste og inkluderande klassemiljø der alle høyrer til og deltek. Stikkord er samarbeid, fellesskap, likeverd, mangfald, refleksjon, sjølvregulering og fellesskapande aktivitetar.