Har du ikkje eit trygt og godt skulemiljø?
Dersom du ikkje opplever å ha det trygt og godt på skulen, er det viktig at du seier frå til ein vaksen. Du kan til dømes snakke med ein lærar, helsesjukepleiar, føresette, ein trenar eller ein annan du stolar på.
Har ikkje barnet ditt, eller andre barn, eit trygt og godt skulemiljø?
Dersom barnet ditt, eller andre barn du kjenner, opplever krenkingar, bør du ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringe eller sende e-post. Dette gjeld også dersom det er ditt eige barn som krenkjer andre.
Ved alvorlege hendingar kan du òg ta kontakt med politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller andre, eller melde saka.
Les også på nettstaden hjå Statsforvalteren.no:
Retten til et trygt og godt skolemiljø