Opptaksperiode
Det må søkjast plass på SFO innan 1. april før skuleåret startar. Søknad må vere skriftleg i Visma Min skole. Alle barn i 1.–4. klasse er sikra plass på SFO ved å søkje innan oppsett frist. Søknader som kjem inn etter dette, vil bli behandla om dei fyller eit eller begge desse kriteria:
- endring i livssituasjon i familien etter søknadsfristen som gjev behov for SFO
- barnet har flytta til Skjåk etter søknadsfristen.
Ved søknad skal det gjevast opp kva tilbod det blir søkt om, og kva tid barnet skal vere på SFO kvar vekedag. Kortare opphald, som enkelttimar/-dagar, er mogleg ved ledig kapasitet og må avtalast med skulen.
Oppseiing av plass
Føresette kan seie opp SFO-plassen med ein månad oppseiingstid gjeldande frå den 15. i kvar månad. Oppseiinga må vere skriftleg i Visma Min skole. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret
Endring av plass og opphaldstid
Ved endringar i plass eller opphaldstid skal skulen varslast via Visma Min skole ein månad før endringa.