Skuleskyss
Opplæringslova gir deg rett til gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er meir enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2.-10.trinn). Skulane eller kommunen melder inn skysselevar til Innlandstrafikk, som organiserer og planlegg skuleskyssen.
Innlandstrafikk sine reglar og retningslinjar for skuleskyss finn du her
I saker der fylkeskommunen har avgjerdsmynde sender Innlandstrafikk ut vedtak på skyssopplegget til kvar enkelt. Retningslinjer for klage på skyssopplegget står i vedtaket.
Skysskort
- Nye skysselevar får utdelt skysskort ein av dei første dagane på skulen.
- Dette gjeld og for 1. klassingar. Tidlegare fekk dei refleksbrikke som skyssbevis, nå får dei og skysskort.
- Skysskortet skal brukast alle årene eleven har krav på skyss til og frå skulen.
- Dersom kortet er mista eller øydelagt må det meldast frå til skulen, for å bestille nytt kort.
- Frå og med 8. klasse må eleven sjølv betale 150 kr. for nytt kort.
Trafikkfarlig skuleveg?
Kommunen har avgjerdsmyndigheit i saker om fri skuleskyss når skulevegen er særskilt farleg eller vanskeleg og avstanden mellom heim og skule er under 2 og 4 km. For avstand over 2 og 4 km har fylkeskommunen avgjerdsmynde.
- Er avstanden mellom bustad og skule under 2 km for 1. klassingar og under 4 km for elevar i 2.–10. klasse, skal søknaden sendast til bustadkommunen, som behandlar søknaden.
- Er avstanden over 2 km og 4 km, skal søknaden sendast til fylkeskommunen, som behandlar søknaden.
Vurderingsskjema for trafikkfarlig veg - Innlandstrafikk
Trafikksikkerheit
Hugs: Bruk setebelte både i buss og drosje.
Her finn du skjema for søknad om skoleskyss ved sykdom/funksjonsnedsettelse
Her finn du skjema for søknad om skuleskyss ved delt bustad