Beredskapsråd

Beredskapsrådet er eit samarbeidsorgan mellom kommunale og statlege styresmakter, privat næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar.

Kommunestyret oppnevner dei faste medlemane til beredskapsrådet. Ordføraren kan, som rådet sin leiar, invitere andre samarbeidspartnarar inn ved behov, og informere kommunestyret når det er behov for å endre samansetting.

Skjåk kommune sitt beredskapsråd har årvisse møte som eit minimum, elles etter behov. 

Beredskapsrådet i Skjåk kommune har fylgjande faste medlemmar:

  • Ordførar (leiar)
  • Kommunedirektør
  • Kommunalsjef helse og meistring
  • Kommunalsjef oppvekst og utdanning
  • Kommunalsjef miljø- og samfunnsutvikling
  • Kommunelege 1
  • Brannsjef
  • Politikontakt
  • Representant frå Sivilforsvaret (leiar av lokal FIG)
  • Liassonoffiser 
  • Representant frå Fjellnett
  • Representant frå Røde Kors