Kommunal kriseleiing

Kriseleiinga har ein operativ funksjon i ei krise, og skal sette i verk tiltak for å redusere skadeomfang. Om det er krise på nasjonalt nivå skal kriseleiinga lytte til, og etterleve krav frå nasjonale styresmakter

Kommunal kriseleiing i Skjåk kommune

  • Ordførar (leiar)
  • Kommunedirektør
  • Kommunalsjef helse og meistring
  • Kommunalsjef oppvekst og utdanning
  • Kommunalsjef miljø- og samfunnsutvikling
  • Kommunelege 1

Utvida kriseleiing

I tillegg til kriseleiinga er det naudsynt med stab- og støttefunksjonar slik at kriseleiinga kan fungere optimalt gjennom ei krise.

  • Beredskapskoordinator
  • Kommunikasjonsrådgiver, Informasjonskonsulent(ar)
  • Servicetorg
  • Teknisk
  • IT-ansvarleg
  • Loggførar

Andre fagpersonar, og kommunale eller eksterne ressursar blir kalla inn ved behov.