Om Lom og Skjåk brannvesenLom og Skjåk brannvesen vart etablert i februar 2001 og er eit interkommunalt samarbeid eigd av Lom og Skjåk kommunar.Brannvesenet er ein viktig del av kommunen sitt arbeid med tryggleik og beredskap. Målet er å bidra til auka kunnskap om førebyggande tiltak, både i heim, arbeidsliv og elles i samfunnet.Lom og Skjåk brannvesen har brannstasjonar i Lom og Skjåk. I tillegg til beredskap og utrykking arbeider brannvesenet med førebyggande oppgåver som feiing, tilsyn, og kurs og øvingar.Brannvesenet følgjer også opp regelverk knytt til mellom anna bålbrenning og grilling i naturen (skogbrannfare).Vi er der når du treng oss mest!Ved akutt brann ring 110Vakttelefon 95 98 99 44 (ring, ikkje send sms på denne)
Branntryggleik på hytta Mange er ikkje klar over at det er same krav til hyttar og fritidsbustad som til ordinære bustadar. Dette betyr mellom anna at alle hyttar og fritidsb...
Nasjonalt bålforbod frå 15. april Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i Noreg, med unnatak av godkjende bålplassar.
Ver beredt - eigenberedskap Tenk igjennom kva slags farer og ulykkar som kan ramme deg heime, og ver best mogleg førebudd. Viss straumen blir borte eller du blir isolert av været ...