Når blir systemet brukt?
Kommunen informerar innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg.
Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre tilhøve som krev rask informasjon.
Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon. Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefon og epost, til alle innbyggjarar over 16år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift.
Alle einingar i eit burettslag/sameige blir og varsla. Forutsetninga er at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.
Kommunen brukar systemet ved hendingar der det er nødvendig å nå ut med informasjon raskt. Det kan mellom anna vere ved:
- stenging av vatn
- stengde vegar
- evakuering
- drifts- og servicemeldingar
- andre hendingar som krev rask informasjon
Kommunen hentar kontaktinformasjon frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Her bør du registrere både mobilnummeret og e-postadressa di. Du kan kontrollere og oppdatere kontaktinformasjonen din ved å logge inn på Norge.no eller via profilen din i Altinn.
Varsla blir vanlegvis sende til kontaktinformasjonen og adressa du er registrert med i Folkeregisteret.
På Varslemeg.no kan du registrere adresser i tillegg til den offisielle bustadadressa di. Dette kan til dømes vere:
- fritidsbustad
- bustaden til foreldre eller andre nærståande
- bustaden til barn som bur ein annan stad
- andre eigedomar du ønskjer informasjon om
Du loggar inn med mobilnummeret ditt og ein kode du får på SMS. Der kan du leggje til, kontrollere eller slette adresser.
Varsling 24 finn ikkje telefonnummer som er registrerte som hemmelege. Du kan likevel få varsel frå kommunen ved å registrere nummeret ditt på Varslemeg.no og merke det som hemmeleg.
Varsel blir sende som SMS til mobiltelefon eller som ei automatisk talemelding til fasttelefon.
Ved talemelding blir teksten lesen opp automatisk. Du kan bli beden om å:
- trykkje 1 for å stadfeste at du har høyrt meldinga
- trykkje 9 for å høyre meldinga på nytt
Kontaktinformasjon til verksemder blir henta frå Einingsregisteret i Brønnøysund og frå opplysningar verksemda har registrert i Altinn.
Verksemder bør kontrollere at forretningsadresse og kontaktinformasjon er riktig. Verksemder med fleire adresser bør registrere dei ulike kontor- eller besøksadressene som undereiningar i Einingsregisteret. Det gjer det lettare å få varsel som gjeld riktig adresse.
Alle registrerte bueiningar på ei adresse kan få varsel, så lenge bebuarane har riktig kontaktinformasjon i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.
Varsling24