Stiftelsen Skjåk Friviljugsentral

Frivilligsentralen skal bidra til eit aktivt lokalsamfunn med gode møteplassar og moglegheiter for deltaking.

Friviljugsentralen arbeider for å styrkje fellesskap, nettverk og engasjement i kommunen

Skjåk frivilligsentral arbeider for å styrkje fellesskap, nettverk og engasjement i kommunen. Målet er at innbyggjarane skal oppleve tilhøyrsel og ha høve til å delta i aktivitetar og bidra i lokalsamfunnet.

Sentralen samarbeider med lag og organisasjonar, og du kan sjølv kome med forslag til aktivitetar eller vere med å starte nye tilbod.

Aktivitetar

Frivilligsentralen tilbyr eit variert utval av aktivitetar gjennom året, mellom anna:
– møteplassar og sosiale samlingar
– aktivitetar for barn og unge
– trim og fritidsaktivitetar
– kultur- og temakveldar
– tilbod ved Skjåkheimen

Du finn oversikt over aktivitetar i kalenderen til Skjåk frivilligsentral.

Skjåk Friviljugsentral vart stifta i 1998 av 7 lokale lag og organisasjonar. Sentralen har eit styre og ein dagleg leiar. Skjåk Friviljugsentral held til i Bismo i Skjåk kommune

Friviljugsentralen treng alltid fleire friviljuge - i alle aldre! Ta kontakt med oss eller kom innom for ein prat og kaffe. 

Gå til Kalenderaktivitetar

bilde av logoen til friviljugsentralen - Klikk for stort bilde