Flyktningetenesta i SkjåkSkjåk kommune arbeider med busetjing og integrering av flyktningar i Skjåk. Tenesta følger opp alle busette flyktningar dei første fem åra dei bur i kommunen.Flyktningetenesta Kva gjer flyktningtenesta?Flyktningtenesta har eit heilskapleg ansvar for oppfølging og integrering av flyktningar i kommunen.Samarbeid og lovverkHar kontakt med IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet).Følgjer tolkelova og nyttar kvalifiserte tolkar i samtalar med nybusette flyktningar.OppfølgingKvar flyktning får ein eigen kontaktperson (flyktningkonsulent) frå den dagen dei blir busett i Skjåk.Flyktningkonsulenten:finn og møblerer bustad.har kontakt med mottaket og tek imot flyktningane ved ankomst.samarbeider med NAV, barnehage, skule og læringssenter/vaksenopplæring.sørgjer for kontakt med helsetenester og tannklinikk.bistår med rettleiing og hjelp til å forstå dokument, fylle ut skjema og søknader.svarar på spørsmål om livet i Noreg og viser vidare til rette instansar.IntroduksjonsprogrammetFlyktningekonsulenten samarbeider tett med vaksenopplæringa slik at vaksne flyktningar kan starte i introduksjonsprogrammet. Dette er eit individuelt kvalifiseringsprogram som skal gjere deltakarane klare for arbeid eller utdanning.Alle busette flyktningar mellom 18 og 55 år har rett til å delta.Deltakarane får introduksjonsstønad under programmet.Arbeid og praksisFlyktningtenesta samarbeider med arbeidsgjevarar for å gi busette flyktningar moglegheit til arbeid eller praksisplass.Dette skjer etter kartlegging av den enkelte si:utdanningerfaringkompetanseMeir informasjonIntegrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)UDI - Utlendingsdirektoratet (Norwegain Directorate of Immigration)TolkelovenIntegreringslovenHelse- og omsorgstjenester for bosatte flyktninger og familiegjenforenteTannhelsetjenesterGå til Vaksenopplæring Sist endret 17.08.2026 16.01