Om Bismotunet
Bismotunet er bygd opp som eit tun og har fem sjølvstendige leilegheiter. Bufellesskapet har òg tre rom for avlasting, alle med eige bad, i tillegg til fellesrom og rom for dei tilsette.
Uteområdet er stort og tilrettelagt for aktivitet og opphald. Her er det mellom anna plen, leikeapparat og gode område for fellesskap og aktivitet ute.
Bustad og avlasting
Bismotunet tilbyr både bustad og avlasting. Tilbodet blir tilpassa behova til den enkelte og skal bidra til tryggleik, meistring og ein god kvardag.
Har du behov for bustad eller avlasting, kan du kontakte Lom og Skjåk tildelingskontor. Tildelingskontoret vurderer behovet og gir informasjon om søknad og vidare saksgang.
Kontakt Bismotunet
Vakttelefon: Telefonnummer kjem
For spørsmål om søknad, bustad eller avlasting, kontakt Lom og Skjåk tildelingskontor.