Om planen
Planen er utarbeidd i samarbeid mellom politikarar, tilsette og dei kommunale tenestene. Arbeidet byggjer på fagkunnskap, forsking, statistikk, lokale forhold og venta utvikling i befolkninga.
Planen vurderer kva behov kommunen vil ha for helse- og omsorgstenester fram mot 2030. Han skal etter planen rullerast i 2026 og 2030, slik at innhaldet kan tilpassast endringar i samfunnet, befolkningsutviklinga og behova for kommunale tenester.
Tiltaksplanen som følgjer planen, viser korleis måla og oppdraga frå kommunestyret kan følgjast opp. Behovet for legetenester er vurdert førebels og må greiast vidare ut.
Tre hovudområde
Planen byggjer på tre hovudområde:
- folkehelse, førebygging og rehabilitering for alle aldersgrupper
- heimetenester, som helsehjelp, praktisk hjelp i heimen og personleg assistanse
- omsorgsbustader og spesialiserte helsetenester i sjukeheim
Målet er å førebyggje sjukdom, styrkje meistring og utsetje behovet for omfattande hjelp så langt det er mogleg. Tenestene skal tilpassast behova til den enkelte gjennom heile livsløpet.
Planen omfattar også behov knytte til barn, ungdom og personar med funksjonsnedsetjing.Under på vedlagt lenke kan du lese heile planen.
Les strategisk plan for helse- og omsorgstenestene 2023–2030 (PDF, 7 MB)