Om Lom og Skjåk helsestasjon

Lom og Skjåk helsestasjon er ei interkommunal teneste med kontor i begge kommunane. Tenesta gir gratis oppfølging og rettleiing til barn, ungdom, føresette og gravide, og arbeider for god helse og trygg oppvekst.

Lom og Skjåk helsestasjon vart ei interkommunal teneste 1. januar 2023, med Skjåk kommune som vertskommune. Tenesta har kontor både i Lom og Skjåk, og tilbodet er likt i dei to kommunane. Du kan sjølv velje kvar du ønskjer oppfølging.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta gir informasjon, råd og rettleiing til barn, ungdom, føresette og gravide. Tenesta kan også gi rettleiing til andre innbyggjarar i kommunane.

Tenesta er gratis for alle frå 0 til 20 år og er eit lågterskeltilbod. Målet er å fremje god helse, førebyggje sjukdom og bidra til trygg oppvekst og utvikling.

Tenesta arbeider også med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering.

Teieplikt

Personalet ved helsestasjonen har teiieplikt etter helsepersonellova. Dersom andre samarbeidspartnere skal komme inn i bildet, må foreldre gjeva sitt samtykke til det.