Om Lom og Skjåk helsestasjon

Lom og Skjåk helsestasjon er ei interkommunal teneste med kontor i begge kommunane. Skjåk kommune er vertskommune tenesta.

Kontor både i Lom og Skjåk

Lom og Skjåk helsestasjon vart ei interkommunal teneste 1. januar 2023, med Skjåk kommune som vertskommune. Tenesta har kontor både i Lom og Skjåk, og tilbodet er likt i dei to kommunane. Du kan sjølv velje kvar du ønskjer oppfølging. 

Helsestasjons- og skulehelsetenesta gir informasjon, råd og rettleiing til barn, ungdom, føresette og gravide. Tenesta kan også gi rettleiing til andre innbyggjarar i kommunane.

Tenesta er gratis for alle frå 0 til 20 år og er eit lågterskeltilbod. Målet er å fremje god helse, førebyggje sjukdom og bidra til trygg oppvekst og utvikling.

Tenesta arbeider også med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering.

  • Adresse Skjåk kommune: Ålmenningsvegen 6, 2690 Skjåk (se kart vedlagt).
  • Adresse Lom kommune: Krokamyrvegen 18, 2686 Lom (se kart vedlagt).

NB: Viktig informasjon om trafikk- og parkeringsmønster kring helsestasjonen i Skjåk
 

Adresse helsestasjon avdeling Skjåk

Teieplikt

Personalet ved helsestasjonen har teiieplikt etter helsepersonellova. Dersom andre samarbeidspartnere skal komme inn i bildet, må foreldre gjeva sitt samtykke til det.