Tannlege

I Skjåk finn du både offentleg og privat tannhelseteneste.

Den offentlege tannhelsetenesta

Den fylkeskommunale tannklinikken held til i kommunehuset. (I tillegg finst det privat tannlege i kommunen).

Den offentlege tannhelsetenesta er eit ansvar for fylkeskommunen og skal tilby førebyggjande tannhelsetenester til befolkninga.

Du finn meir informasjon på tannlege.nu

Den offentlege tannhelsetenesta skal gi eit regelbunde og oppsøkjande tilbod til:

  1. Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
  2. Psykisk utviklingshemma i og utafor institusjon.
  3. Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.
  4. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.
  5. Andre grupper som fylkeskommunane har vedtatt og prioritere.

Offentleg tannhelseteneste

Tannlegekontoret i Skjåk (kommunetannlege):
Telefon: 61 21 40 14 
Adresse: Moavegen 30, 2690 Skjåk

Private

Tannlege Ytre (privat) (v/Skjåk kjøpesenter)
Telefon: 61 21 44 50
Adresse: Skjåkvegen 1213, 2690 Skjåk

Tannlege Lom (privat)
Telefon: 61 21 14 18
Adresse: Sognefjellsvegen 2, 2686 Lom