Tilbod til personar med demenssjukdom

Demenssjuke og deira pårørande har ei rekke rettigheiter og krav på ulike tenester, hjelpemiddel og støtteordningar.

Tverrfagleg hukommelsesteam

Skjåk kommune har eit tverrfagleg hukommelsesteam med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar frå heimetenesta og institusjonstenesta. Teamet samarbeider tett med fastlegane og Lom og Skjåk tildelingskontor.

Hukommelsesteamet er eit gratis lågterskeltilbod, og du treng ikkje tilvising. Personar med demens, pårørande, vener og helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Teamet har teieplikt. Vi oppmodar om å ta kontakt tidleg, slik at vi kan gi råd, støtte og oppfølging gjennom forløpet.

Vi tilbyr:

  • Vi tilbyr heimebesøk med fokus på kartlegging og utreding av diagnose og hjelpebehov.
  • Vi gir råd og veiledning knytt til diagnose, oppfølging og behandling, til brukare og pårørande.
  • Vi har oversikt over relevante tilbod og tenester i kommuna og spesialisthelsetenesta.

Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ein kronisk funksjonssvikt som skuldast ulike hjernesjukdommar eller skadar. Alzheimers sjukdom er den hyppigaste årsaka til demens, men det finst mange fleire. Demens er kjenneteikna ved kognitiv svikt, redusert evne til å fungere i dagleglivet slik ein har gjort tidligare. (Kilde: Knut Engedal, Aldring og helse, Nasjonal kompetanseteneste)

Kontaktinformasjon:

  • Telefon 453 12 743 til demenskontakten måndag, onsdag og torsdag frå kl. 10.00 - 14.00.
  • Telefon Tildelingskontor: 905 62 291
  • Telefon Heimetenesta:  959 82 603

Heimetenesta og tildelingskontoret vil formidle kontakt til hukommelsesteamet

Nyttige lenker: