Skjåkheimen er den kommunale sjukeheimen i Skjåk. Sjukeheimen har 24 plassar og tilbyr langtidsopphald, korttidsopphald, avlasting og rehabilitering.
Tilbodet ved Skjåkheimen
Skjåkheimen gir pleie, omsorg og oppfølging til personar som har behov for heildøgnstenester eller eit tidsavgrensa opphald. Tilbodet blir tilpassa behova til den enkelte.
Sjukeheimen har eige kjøkken og vaskeri. Det blir òg laga månadsplanar med aktivitetar for bebuarane på Skjåkheimen og i omsorgsbustadene.
Søk om plass
For å søkje om langtidsopphald, korttidsopphald, avlastingsplass eller rehabiliteringsopphald må du kontakte Lom og Skjåk tildelingskontor.
Tildelingskontoret vurderer behovet ditt og gir informasjon om søknaden og den vidare saksgangen.
Skjåk kommune har ei eiga forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim. Forskrifta omtalar mellom anna kva som blir lagt vekt på når kommunen vurderer søknader.
Skjåkheimen har desse avdelingane
Vaktetelefonar på Skjåkheimen
- Vakttelefon Skjåkheimen: tlf. 469 42 018 (bemanna heile døgnet)
- Kjøkkenet: tlf. 907 59 708
- Sentralbord Skjåkheimen 08.00 - 15.00: tlf. 488 94 046
- Avdelingssjukepleiar 07.30 - 15.00: tlf. 481 44 467
- Tenesteleiar for Skjåkheimen og heimesjukepleia: tlf. 489 97 924
Ordinær opningstid Skjåkheimen
Månadsplan Skjåkheimen
Her finn du månadsplanen med aktivitetar for bebuarane på Skjåkheimen og i omsorgsbustadene.
Sjå eller last ned månadsplanen her 👈 (PDF, 447 kB)
Skjåkheimen