Smittevern

Kommunen har ei rekke oppgåver for å førebyggje, avdekke og følgje opp tilfelle av smittefarlege sjukdommar. 

Varsling om smitte

Helsepersonell som mistenker eller påviser tilfelle av enkelte typar smittefarlege sjukdommar skal varsle kommuneoverlegen. Dersom kommuna treng bistand blir det inngått samarbeid med Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren.

Utbrot er definert som:

  • fleire tilfelle enn forventa av ein bestemt sjukdom innanfor eit område i eit gitt tidsrom
  • to eller fleire tilfelle av same smittefarlege sjukdom med antatt felles kjelde (f.eks. hotell/feriestad, utstyr, næringsmiddel, vatn)

Tidleg varsling av utbrot er viktig. Ved utbrot av smittefarlege sjukdommar er det viktig at kommuneoverlegen blir varsla. Kommuneoverlegen varslar så Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren. Nødvendige tiltak blir då sett i verk.

Kven har ansvar?

Kommunen har hovudansvaret for det smitteførebyggjande arbeidet lokalt. Kommunen har ein smittevernlege som har fagleg ansvar for smittevernet i kommunen. Smittevernlegen gir råd til innbyggjarar, helsepersonell og andre tenester i kommunen.

Ved mistanke om smittsam sjukdom, eller behov for testing, kan du ta kontakt med fastlegen din. Ved akutt behov utanom kontortid, kontakt legevakt på telefon 116 117.

Smittevernlova