Bruktbutikken
Bruktbutikken til Sysselsettingstiltak Lom og Skjåk held til i Moavegen 28B. Her finn du brukte varer som kan få nytt liv og glede nye eigarar. Butikken er open tysdag til fredag kl.11.00–14.00.
Ein butikk med fleire formål
Bruktbutikken er både ein trygg og meiningsfull arbeidsplass og eit positivt bidrag til lokalsamfunnet. Når du handlar hjå oss, støttar du tilrettelagde arbeidsplassar og bidreg samstundes til ombruk, mindre avfall og ein meir berekraftig kvardag.
I butikken kan du finne servise, bestikk, leiker, pyntegjenstandar og andre små skattar. Utvalet endrar seg ofte, så det kan løne seg å ta turen innom fleire gonger.
Vil du gje bort varer?
Vi tek gjerne imot heile og reine varer som kan seljast vidare. Det kan til dømes vere servise, bestikk, barneleiker, eldre gjenstandar og andre fine ting som høyrer heime i ein bruktbutikk. Vi er òg interesserte i spennande varer som kan pussast opp eller få eit nytt bruksområde.
Vi tek som hovudregel ikkje imot klede, sportsutstyr, skadde varer, store møblar eller tryggleiksutstyr som hjelmar og redningsvestar. Det kan likevel finnast unntak. Ta gjerne kontakt dersom du har noko du meiner kan passe i butikken.