Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til personar som har behov for hjelp og pleie i kvardagen. Målet er at du skal bu i eigen bustad lengst mogleg.

Heimesjukepleia skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at personen skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleia si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det personen ikkje meistrar sjølv.

Kva tilbyr vi?

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er avhengig av bistand innanfor:

  • nødvendig pleie og omsorg
  • hjelp til medisinar/injeksjonar
  • sårbehandling
  • tilsyn og observasjonar
  • opplæring og rettleiing
  • omsorg ved livets slutt

Kven kan få heimesjukepleie?

Ved vurdering av søkjaren vektlegg vi:

  • om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta dei grunnleggjande behova sine.
  • om søkjaren er avhengig av hjelp til handtering av legemiddel, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m.

Den endelege anbefalinga blir sett i samanheng med anna hjelp søkjaren kan få frå kommuna. Det blir fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta.

Kva kostar det?

Tenestetilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er medisinsk pleie og rettleiing til alle heimebuande som har ei kronisk liing eller treng hjelp over ei stuttare periode.

Kontaktinformasjon til heimesjukepleia skjer på telefon:  959 82 603