Digitale ledsagarbevisSkjåk kommune brukar digitale ledsagarbevis. Ordninga gjer det enklare for personar som treng følgje eller støtte, å delta på kultur- og fritidsarrangement saman med ein ledsagar utan ekstra kostnad.Skjåk kommune brukar digitale ledsagarbevis. Ordninga gjer det enklare for personar som treng følgje eller støtte, å delta på kultur- og fritidsarrangement saman med ein ledsagar. Skjåk er den 30. kommunen i Noreg som tek i bruk denne løysinga. Målet er å bidra til eit meir inkluderande og tilgjengeleg samfunn. Skjerm dump Med eit digitalt ledsagarbevis kan du ha beviset tilgjengeleg på mobilen gjennom ein app eller via nettlesar. Samstundes vil kommunen framleis tilby fysisk ledsagarbevis i form av kort.For å ta i bruk det digitale ledsagarbeviset må du vere registrert av kommunen. Ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du ønskjer tilgang eller har spørsmål om ordninga.Les meir om Digitalt ledsagarbevisLast ned digitalt ledsagarbevis