Informasjon til deg som har teneste om praktisk bistand til reinhald Du har fått tildelt praktisk bistand til reinhald jamfør vedtak. I vedtaksteksten står det kva oppgåver som skal utførast heime hjå deg og kor ofte du får bistand.
Tenesta er ikkje gratis og det vert i vedtaket opplyst kor stor din eigenandel er per månad. Eigenandelen vert utrekna ut i frå di nettoinntekt ( eventuelt saman med inntekt til sambuar/ ektefelle). Betalingssatsar basert på nettoinntekt for husstanden, vert vedteke i kommunestyret årleg.
Fell dagen for utøving av praktisk bistand på heilagdag, vert det vurdert om det kan gjevast teneste ein annan dag.
Gjer deg merksam på at tenesta har redusert kapasitet ved ferieavvikling og at det da kan oppstå behov for endring av tenesteutøving.
Praktisk bistand til reinhald vert gjeve til naudsynte oppgåver som du ikkje meistrar sjølv. Stor-reingjering / nedvask inngår ikkje i tenesta. Dette må ordnast med privat reinhaldar. Tips til privat reinhaldar; Izabela Elzbieta Miezianko tlf. 48271402.
Forventning til tenestemottakar
- Innemiljø - ikkje røyke medan tenesteutøvar er tilstade, lufte ut før tenesteutøvar kjem - rydde/ halde god orden, slik at reinhald kan utførast på ein forsvarleg måte ( jf. arbeidsmiljølova) - hund må haldast i band eller stengast frå i eige rom.
- Reinhaldsutstyr - mopp og skaft ( er å føretrekke) - golvklut og nal - støvklut - eigna vaskemiddel til: golv, støv-turking, desinfeksjon( klorin), skurekrem, oppvaskmiddel - toalettbørste - bøtter - støvkost og brett.
- elektrisk utstyr - støvsugar med naudsynt tilbehør.
- utstyr til sengeskift/ klesvask - reint sengeskift (sengetøy) tilgjengeleg - vaskemiddel til vask av kleder.
- Søppel/ avfall - søppelkasse tilgjengeleg inne og ute - avfallsposer.
- Dersom du er borte på dagen du har praktisk bistand; -varsle tenesta på telefon 48894046 minst ei veke i førevegen OBS: ( ved for sein varsling, vil du bli belasta for tida du har innvilga bistand).
- Tilgang til eigedom - vegen til bustaden må vere framkommeleg med bil ( må vere brøytt om vinteren)
Kva du kan forvente av tenesteutøvar
- Det vert fatta enkeltvedtak på teneste om praktisk bistand og vedtaket vert sendt til deg elektronisk.
- Tenesteutøvar skriv ut vedtaket og gjennomgår vedtaket med deg.
- Tenesta vert utøvd i samsvar med vedtak og i samhandling med deg
- Du får beskjed snarast mogleg i høve sjukdom/ fråver / byte av dag for bistand.
- Tenesteutøvar har med seg hanskar sjølv.