Visste du at du kan låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis i Skjåk? BUA Skjåk er eit tilbod for alle, og gjer det enklare å prøve nye aktivitetar utan å måtte kjøpe utstyr sjølv.
BUA Skjåk blir drifta av idrettslaget og held til i andre etasje i speakerbua på Bismo stadion. Her finn du eit breitt utval av sports- og fritidsutstyr som kan lånast gratis.
BUA fungerer som eit eige utstyrsbibliotek. Tilbodet er ope måndag og torsdag frå kl.15.30-17.00.
Det er framleis ikkje alle som kjenner til tilbodet, men BUA er ope for absolutt alle – uansett alder og økonomi. Målet er å gjere det lettare for fleire å vere aktive og få oppleve friluftsliv og aktivitetar utan store kostnader.
Gå til Bua Skjåk
Gå til Skjåk IL
Skjermdump frå nettstad
Sist endret 21.04.2026 10.31