Svømmehallen i SkjåkVelkomen til svømmehallen i Skjåk – eit moderne anlegg med to basseng og badstue. Svømmehallen er open fire dagar i veka.OpningstidMåndag kl. 17.00 - 21.00Tysdag kl. 17.00 - 21.00Fredag kl. 17.00 - 21.00Laurdag kl. 10.00 - 14.00PrisarEnkeltbillett vaksne: 62 krEnkeltbillett inntil 20 år: 52 krKlippekort vaksne. 10 klipp: 520 krKlippekort barn: 10 klipp: 360 kr* Halvårskort vaksne: 1350 kr* Halvårskort born: 940 kr* Ordinære heilårskort vaksne 2290 kr / born 1560 kr* Familiekort: 4470 kr (for dei med bustadsadresse Skjåk)* Familiekort halvår: 2240 kr (for dei med bustadsadresse Skjåk)*Halvårskort er gyldig for perioden 1. juli - 31. desember, og 1. januar – 30. juni, medan familiekort kan kjøpast frå same periode for halv pris. Frå nyttår kan ein også kjøpe ordinære heilårskort. Familiekort gjeld for 2 vaksne + deira born (0-18 år), og er forbehalde fastbuande i Skjåk. Det krevst gyldig legitimasjon ved bruk av årskort og halvårskort. Det vert ikkje utbetalt erstatning for avbrot som ikkje er planlagde (eks. teknisk svikt, smitteutbrot, straumbrot). Om svømmehallenVelkomen til svømmehallen i Skjåk – eit moderne anlegg med to basseng og badstue.HovudbassengBasseng med fire (4) baner med stupeplattform.Lengde basseng: 25,0m.Bredde : 8,5m.Dybde grunndelen av bassenget: 0,9m til 1,3m.Dybde djupdelen av bassenget: 1,6m til 1,80m.Temperaturen ca. 27-28 grader.NB: 25-metersbassenget er reservert for banesvømming og trening etter kl. 20.00 på dagar med offentleg bading.Varmtvassbasseng Mål: 12,5 x 8,5 meter. Hev og senk-botn.Maksimal dybde frå 0 til 1,60m.Temperaturen ca. 33 grader.Fungerer som terapibasseng tilpassa rullestolbrukarar.Svømmehallen vart nyopna i 2025 etter ei omfattande renovering av den opphavlege hallen frå 1980. Les meir om renoveringsprosjektet hjå Nordplan.HC-garderobenHenvend deg til resepsjonen i svømmehallen om du behøver å nytte HC-garderoben. Skjåk kommune Slik slepp du å lukte klorSlik slepp du å lukte klorDusj naken, med såpe og vann, før du går i bassenga. Klor festar seg på bakterier og såperestar, men ikkje på en rein kropp.Er alle reine før dei badar, blir miljøet i vatnet og lufta betre, noko alle har glede av!Skyll deg etter bading, før du tar på såpe. Om ikkje får du klorlukt på kroppen.BassengreglarBassengreglar for publikumFor at alle skal få ei trygg og triveleg badeoppleving, ber vi om at du følgjer desse reglane:TryggleikFølg alltid beskjedane frå badevaktene.Det et er ikkje tillate å filme eller ta bilder i garderober, dusjrom eller bassengrom.Løping på bassengkanten er ikkje tillate.Hopping skjer berre der det er trygt og ikkje til fare for andre.Det er ikkje lov å dytte eller kaste nokon uti bassenget.Barn og føresetteBarn under 10 år skal vere under tilsyn av ansvarleg vaksen.Føresette har ansvar for at barna følgjer reglane og viser omsyn til andre gjestar.Utstyr og leikerStore badeleiker, ballar o.l. er ikkje tillate under ordinær publikumsbading.Armringar og baderingar er tillatne som flytehjelp.Svømmebrett er tillatne til svømmetrening.Utstyr skal brukast på ein måte som ikkje er til fare eller plage for andre.Banesvømming og bassengbrukBaner merka for banesvømming er for svømming fram og tilbake, ikkje for leik.Etter kl. 20.00 er heile 25-metersbassenget reservert til banesvømming.BadstueBadstua er ei stille sone. Roping og høglydt prat er ikkje tillate.Det er forbode å legge gjenstandar i eller på badstueovnenBruk kun små mengder vatn på steinane i badstueovnen.Påbode med full kroppsvask/dusj før og etter bruk av badstue.Ved brot på reglane kan du bli beden om å ta pause frå bading, eller å avslutte besøket for dagen. Gjentekne regelbrot fører til utvising. Takk for at du viser omsyn til både andre gjestar og dei som jobbar i hallen.GarderobarI alle garderobar er det garderobeskap utan lås. Ønskjer du å låse skapet må du ta med deg eigen hengjelås. Låsar som heng på skap etter stengetid, vil bli klipt, og innhaldet i skapet kan bli fjerna.Dusjar med eige avlukke.Eigen handicap-garderobe i alle garderobar. Henvend deg til resepsjonen om du behøver å nytte HC-garderoben.BadstueDu finn badstua i samme del som hovudbassenget.Det er eigen badstue-dusj i hovudbassenghallen. Vegg-i-vegg med badstua.Reglar for bruk av badstueBadstua er ei stille sone. Roping og høglydt prat er ikkje tillate.Det er forbode å legge gjenstandar i eller på badstueovnen.Bruk kun små mengder vatn (1-2dl) på steinane i badstueovnen.Påbode med full kroppsvask/dusj før og etter bruk av badstue.Du finn Skjåk svømmehall i Bismo. Følg lenka her Sist endret 07.07.2026 09.35