Om Lom og Skjåk kulturskule

Lom og Skjåk kulturskule er eit interkommunalt samarbeid mellom Lom og Skjåk, og eit tilbod for barn og unge som ønskjer å utvikle seg innan musikk, dans, kunst og teater.

Kulturskulen er eit samarbeid mellom Lom og Skjåk kommunar, og der Skjåk kommune er vertskommune.  Tilbodet er forankra i opplæringslova § 26, som seier at:

  • § 26-1. Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.
  • § 26-2. Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.

Kulturskulen er både skule, fritidstilbod og kulturtilbod. Vi har eit breitt utval av undervisningstilbod. Du finn oversikt over alle undervisningstilbod, lærarar, søknadsfrister og prisar her på nettsida.

Rammeplan og mål for kulturskulen

Kulturskulen skal

  • gje alle elevar moglegheit til å utvikle kunnskap og dugleik i kunstfag.
  • gje rom for å finne og formidle eigne uttrykk.
  • styrke estetisk, sosial og kulturell kompetanse.
  • fremje kritisk refleksjon og sjølvstendige val.
  • gje moglegheit for fordjuping og vidare utdanning innan kunst og kultur.
  • samarbeide med skuleverket for eit heilskapleg tilbod.
  • vere eit lokalt ressurssenter som styrkjer kulturell kompetanse i lokalsamfunnet.

Les meir om nasjonale mål og rammer for kulturskulane her:

Serviceerklæringa