Prisar og betaling

Kommunestyret vedtar satsar for kommunale tenester kvar desember. Prisane gjeld for eit kalenderår.

Prisar

Elevavgiftar ved kulturskulen finn du her

Betaling

Faktura blir sendt ut to gongar i året, haust og vår. (Det er fullt mogleg å få delt opp fakturaen i fleire avdrag. Ta i så fall kontakt med kulturskolen.)

Når du får plass, forpliktar du deg til å vere elev heile skuleåret. Dersom du sluttar undervegs, må du likevel betale full elevavgift. Oppseiing skal sendast skriftleg til rektor.

Manglande kontingentbetaling kan føre til at ein mister elevplassen.

Kulturskolen kan avlyse undervisning inntil tre gongar i løpet av eit skoleår. Må skolen avlyse fleire undervisningstimer, vil desse bli erstatta eller deler av kontingenten vil bli refundert.