Skjåk kommune deler kvart år ut Skjåkprisen og kulturstipend for å løfte fram og støtte engasjement, talent og innsats som styrkjer lokalsamfunnet. Skjåkprisen er ei heider til personar, lag eller verksemder som har sett Skjåk på kartet, medan kulturstipendet skal bidra til vidare utvikling innan eit breitt kulturområde.
Skjåkprisen
Skjåkprisen er ei heidersutmerking som blir tildelt enkeltpersonar, lag eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for kulturlivet i kommunen, eller som har markert seg utover kommunegrensene og sett Skjåk på kartet. Frist for innsending og nærare informasjon om kriterium og søknadsprosess blir kunngjort årleg.
Prisen skal vere ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt og kan tildelast innanfor område som:
- Kunst og kultur
- Idrett og fritid
- Handverk og industri
- Natur og miljø
- Samfunnsengasjement
- Næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving skal sendast til:
- Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk eller E-post: post@skjaak.kommune.no
- Informasjon om stad og tid for utdeling av pris og stipend kjem i løpet av hausten.
Kulturstipend
Kulturstipendet skal bidra til vidare utvikling innan ulike kulturuttrykk. Stipendet kan gå til både unge talent og etablerte utøvarar som ønskjer å utvikle seg innan sitt felt.
Det er mogleg å kome med framlegg til kandidatar til begge ordningane. Frist for innsending og nærare informasjon om kriterium og søknadsprosess blir kunngjort årleg.
Siktemålet med stipendet er å støtte personar med evner og interesse innanfor det utvida kulturomgrepet. Det kan søkjast om stipend, og det kan fremjast forslag til kandidatar. Kandidaten må bu eller ha tilknyting til Skjåk kommune.
- Skriftleg søknad og/eller forslag med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk eller e-post: post@skjaak.kommune.no
Informasjon om stad og tid for utdeling av pris og stipend kjem i løpet av hausten kvart år.