Frøbiblioteket

 

Inspirasjonsbilder frå frøbiblioteket - Klikk for stort bilde
Inspirasjonsbilder frå frøbiblioteket - Klikk for stort bilde
Inspirasjonsbilder frå frøbiblioteket - Klikk for stort bilde

Lån, dyrk, sank og levér

Har du lyst til å sjå noko spire og gro? Frøbiblioteket er for alle som har lyst til å dyrke – anten du er ein erfaren hobbygartnar eller aldri har sådd eit frø før.

Om våren kan du “låne” frø hjå oss og gje dei ein sjanse til å bli til blomar, urter, grønsaker eller kanskje noko heilt anna. Så kjem hausten, og då kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Dersom du har lyst, kan du levere nokre av frøa tilbake til Frøbiblioteket, slik at andre kan få glede av dei neste år. Slik kan eitt lite frø bli starten på noko som veks vidare.

Målet med Frøbiblioteket er å gje store og små i Skjåk meir kunnskap, meistring og glede ved å dyrke sjølve. For det er noko heilt eige ved å putte eit lite frø i jorda, vente, følgje med – og plutseleg sjå at det spirer. Og kven veit? Kanskje endar det med noko godt å ete også!

Frøsamlinga vil stadig bli oppdatert og utvida – så stikk innom og sjå kva du kan dyrke!

Del gjerne dyrkegleda
Ta eit bilete av det du har sådd eller dyrka, og del det på Instagram med #skjåkfolkebibliotek