Skjåk folkebibliotek har eit utvida tilbod med «Meirope bibliotek».
Når du har fått tilgang, kan du bruke biblioteket kvar dag frå kl. 07.00 til 22.00 – også utanom den bemanna opningstida.
Lånekortet fungerer som nøkkelkort, og du bruker det både for å kome inn og for å låne. Du kan lese aviser, låne bøker og filmar, bruke pc og nytte møterom. Lån og innlevering skjer på automat.
Korleis få tilgang
For å få tilgang må du ta kontakt med biblioteket for informasjon og rettleiing. Du må skrive under på ein avtale og få oppgradert lånekortet til tilgangskort. Tilbodet er gratis og gjeld for alle over 15 år. Personar mellom 15 og 18 år må ha underskrift frå føresette.