Miljøfyrtårn

Skjåk kommune har gjennomført miljøsertifisering av kommunehuset og dei tre barnehagane i bygda våren 2024.

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er eit nasjonalt system for miljøleiing for offentlege og private verksemder. Ved å vera miljøfyrtårnsertifisert skal Skjåk kommune kontinuerleg jobbe for å bli betre innan klima- og miljø. Vi har tilgang til eit digitalt system som hjelo oss med å jobbe systematisk med miljøtiltak i kvardagen. Med gode rutiner for arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport oppnår vi ei meir miljøvennleg og lønsam drift. 

Certnor er Stiftelsen Miljøfyrtårns sertifiseringsorgan. 

Ynskjer di bedrift å bli Miljøsertifiserast?

Det er viktig for Skjåk kommune å oppmode næringslivet om å ta sin del av ansvaret for det grøne skiftet.  Vi tilrettelegger difor for lokalt næringsliv, slik at dei lettare kan kome i gang med miljøsertifisering i eiga bedrift.

Bli Miljøfyrtårn

bilde av Miljøfyrtårn-logoen - Klikk for stort bilde Miljøfyrtårn-logoen