Bandtvang

Forskrifta om bandtvang for hund i Skjåk kommune gir reglar for når hundar skal haldast i band, og kva område dei ikkje har tilgang til. Du kan lese heile forskrifta for Skjåk lengre ned i artikkelen.

Forskrift om bandtvang for hund

I Skjåk kommune skal hundar ut over den generelle bandtvangen i perioda 1. april – 20. august haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda slik det går fram av pkt. a – e nedanfor.

a) heile året i og i tilknyting til boligområde (område vist som boligformål i arealdelen til kommuneplanen), og handleområde i Bismo.

b) heile året på og ved idrettsanlegga i Bismo.

c) på og ved merka og preparerte skiløyper frå det tidspunkt dei blir preparert og fram til og med 31. mars.

d) i rekreasjonsområde, avgrensa slik det går fram av vedtekne reguleringsplanar, for hyttefelt 21. august – 15. oktober.

e) i område der bufe beiter i tida fra 21. august til 15. oktober

Sikringsreglane i pkt. a – e ovanfor gjeld ikkje for hundar som blir brukt til dei formål som er omskreve i hundelova § 9,

Les heile Forskrift om bandtvang for hund