Trafikantar skal varsle politiet
Ved viltulykke skal trafikantar varsle politiet ved å ringe 02800 eller 112. Politiet varslar fallviltgruppa i kommunen som rykker ut til alle tider på døgnet for å gjennomføre ettersøk og eventuelt avlive skada storvilt.
Fjerning av daudt vilt som ligg i eller rett ved vegbana er vegeigar sitt ansvar. Gjeld det riks- eller fylkesveg kan ein ringe 175 for å varsle. Daudt vilt som ligg i naturen kan ligge og brotast ned på naturleg måte. Det er også tillate å bruke daudt vilt til åte. Dersom det gjeld hjortevilt eldre enn eit år skal det vere teke CWD-prøve med negativt resultat før det blir brukt til åte.
Vi ønskjer melding om daudt storvilt
Vi ynskjer melding om daudt storvilt som blir funne – ta kontakt med naturforvaltar på tlf: 481 90 145. Viltpåkjørslar og funn av daudt storvilt blir registrert i hjorteviltregisteret.no.
I samband med storviltjakt har jeger og jaktlag varslingsplikt til kommunen i ein del tilfelle. Ta i så fall kontakt med naturforvaltar i kommunen på tlf 481 90 145.
Skjåk kommune
Fallviltpersonell i Skjåk