Jakt og fiske

Skjåk har rike moglegheiter for jakt og fiske, med gode bestandar av villrein, elg, hjort og småvilt, og eit stort tal vatn og elvar med aure. Kommunen og grunneigarane forvaltar ressursane for å sikre berekraftig bruk.

Jakt og fiske i Skjåk

Villrein og storvilt

Jakt på villrein i høgfjellet er ei særprega oppleving. I Skjåk blir det kvart år felt fleire hundre villrein. Det er også gode bestandar av elg og hjort, ofte med dyr i god kondisjon.

Småviltjakt

Skjåk har gode moglegheiter for småviltjakt. I snaufjellsområda er rype den vanlegaste arten å jakte på.

Fiske

Det finst aure i om lag 200 vatn og rundt 250 km elv i Skjåk. Mange vatn har stor fisk, og i Ottaelva vandrar det mykje aure, ofte med vekt på 1–1,5 kg.

Forvaltning og rettar

Det er grunneigar som har jakt- og fiskeretten og som forvaltar dei haustbare artane. Skjåk Almenning eig om lag 95 prosent av arealet i kommunen og har dermed hovuddelen av rettane. Dei sel jakt- og fiskekort.

Kommunen har eit overordna ansvar for vilt- og fiskeforvaltninga og tildeler fellingsløyve på elg, hjort og rådyr.

Tilskot og fond

Skjåk kommune har eit fond for fiske, vilt og friluftsliv. Midlane blir nytta til tiltak innan desse områda, og særleg til investeringstiltak.

Bilde av villrein i Breheimen - Klikk for stort bilde SNO