Viltforvaltning

Utval for vilt og fisk har ansvar for fleire oppgåver innan viltforvaltning i Skjåk.

Utval for vilt og fisk

Utvalet har mellom anna ansvar for tildeling av fellingsløyve på elg, hjort og rådyr.

Skjåk kommune er delt inn i to godkjende vald:
– Vald 1: Skjåk Almenning (217 000 dekar teljande areal)
– Vald 2: Skjåk Utmarksråd (67 830 dekar teljande areal)

Jaktrettshavarane samarbeider om ein felles bestandsplan og får vanlegvis tildelt fellingsløyve for tre år om gongen. Tildelinga er regulert gjennom minsteareal, som seier kor stort areal som krevst for å få løyve til å felle eitt dyr.

Areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr.

Areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr.
Hele/deler av kommunenElg minsteareal daaHjort minsteareal daaRådyr minsteareal daa
Skjåk Utmarksråd20003001500
Skjåk Almenning300020004500