HeimekomposteringDu må sende inn søknadsskjema dersom du ønskjer å inngå ein ny avtale om heimekompostering eller fornye ein eksisterande avtale. Avtalen gjeld i fem år. Ved fornying må du sende inn ny søknad med nødvendig dokumentasjon.Dokumentasjon ved søknadVed søknad om ny avtale eller fornying av eksisterande avtale må du saman med søknadsskjema leggje ved:Bilete av kompostløysinga. Dette gjeld også ved fornying av avtalen, slik at kommunen kan kontrollere kompostløysinga.Kart som viser plasseringa av kompostløysinga. Plasseringa skal vera tydeleg markert på kartet. Du kan bruke kartløysinga til Skjåk kommune.SøknadsskjemaHer finn du skjema Søknad om avtale for heimekompostering. (PDF, 73 kB)Last ned søknadsskjemaet, fyll det ut og send inn saman med nødvendig dokumentasjon.Slik sender du søknadenFyll ut søknadsskjemaet og legg ved nødvendig dokumentasjon. Du kan sende søknaden på ein av desse måtane:E-post til: post@skjaak.kommune.noEller bruk digital sikker innsending: Via kommunen si eDialog-teneste. Sist endret 20.11.2026 11:00