Lom og Skjåk landbrukskontor - Skjåk kommune

Lom og Skjåk landbrukskontor

Felles landbrukskontor for Lom og Skjåk vart etablert 1. september 2018, med Skjåk kommune som vertskommune. Kontoret forvaltar regelverk og verkemiddel i landbrukspolitikken og gir rettleiing til næringsutøvarar innan jord- og skogbruk. Arbeidet skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursane og stimulere til næringsutvikling knytt til landbrukseigedomar.