Utmarksbeite er ein viktig ressurs for landbruket i kommunen. Kvart år blir det sleppt om lag 5500 småfe og 1500 storfe på beite. Det blir lagt ned mykje arbeid i førebyggjande tiltak for å redusere tap av dyr.
Landbrukskontoret har eigen vakttelefon i beitesesongen (kontakt servicetorget). Ved funn av døde eller skadde dyr, observasjon av rovvilt eller andre hendingar, skal du varsle på dette nummeret.
Prosedyre ved funn av kadaver
Ved funn av kadaver
– Registrer posisjon med UTM-koordinatar
– Ta gode bilete, både nærbilete og bilete som viser området rundt
– Merk staden slik at kadaveret er lett å finne att
– Dekk gjerne til kadaveret for å bevare spor
– Kadaveret skal som hovudregel ikkje flyttast
Varsling
– Meld frå til eigar. Dersom eigar er ukjend, noter øyremerke og funnstad og kontakt landbrukskontoret
– Varsle Statens naturoppsyn (SNO) ved lokal rovviltkontakt
– Varsle landbrukskontoret sin vakttelefon. Landbrukskontoret varslar vidare og søkjer eventuelt skadefellingsløyve
Erstatning
Det kan søkjast erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt dersom tapet er dokumentert, eller det er sannsynleg at rovvilt er årsaka.
Søknadsfrist: 1. november
Søknaden blir behandla av Statsforvaltaren i Innlandet