Næringsliv - Skjåk kommune

Næringsliv

I Skjåk har vi eit variert næringsliv – frå store industribedrifter til små verksemder og folk som skapar sin eigen arbeidsplass. Vi er stolte av bedriftene våre og menneska som kvar dag bidreg med kunnskap, arbeidsplassar og liv i bygda.

 

Vi ønskjer at det skal vere godt å drive bedrift i Skjåk. Gjennom næringsfondet og rettleiing frå næringskontoret har vi gode moglegheiter til å støtte både nye idear og utvikling av eksisterande bedrifter.

 

Enten du allereie driv her, vil starte noko eige eller vurderer å flytte hit, ønskjer vi å bli kjende med deg. Hjå oss skal det vera lett å ta kontakt og få hjelp vidare.

 

Vi vil at folk skal trivast i Skjåk, og at nye skal kjenne seg velkomne og bli godt tekne imot.