Heilt unikt for Skjåk er næringsfondet vårt. I samband med kraftutbygging i Skjåk, er det forhandla fram avtaler som gjer at vi har eit solid næringsfond. Næringsfondet skal kome næringslivet i Skjåk til gode.
Har du ein god idé, ta gjerne kontakt med næringskontoret. Næringskontoret kan hjelpe deg i gang og kople deg på mange andre aktuelle aktørar som til dømes Innovasjon Norge, Skåppå AS, vår lokale Sparebank 1 Lom og Skjåk eller andre næringsaktørar.
Vi ynskjer oss fleire gründerar og nyetablerarar. Har du ein god idé eller treng støtte? Ta kontakt med oss for å høyre meir.
Les vedtektene i Skjåk kommune næringsfond.