Næringsfondet -støtte til utvikling i Skjåk

Har du planar om å starte bedrift, investere i eksisterande verksemd eller utvikle noko nytt i Skjåk? Da kan du søkje om økonomisk støtte frå næringsfondet.

Gjennom næringsfondet ønskjer Skjåk kommune å bidra til eit aktivt og framtidsretta næringsliv, fleire arbeidsplassar og ei attraktiv bygd å bu og drive næring i.