NæringsutviklingNæringskontoret arbeider med tilrettelegging for næringslivet i Skjåk. Avdelinga har kompetanse innan landbruk og bedriftsøkonomi, og kan hjelpe bedrifter og etablerarar i utviklingsarbeid. Vi kan kople deg til relevante fagmiljø for utvikling av bedrifta di og gi rettleiing i arbeidet med søknader om finansiering.Arbeidsområde og tenesterNæringskontoret arbeider mellom annva med:bedriftsutvikling og etablering.søknader til næringsfondet i Skjåk kommune.rådgjeving, informasjon og rettleiing til etablerarar og næringsdrivande.arbeid med samfunnsutvikling og omdømmebygging for å gjere Skjåk meir attraktiv for næringsetablering og busetting.Har du spørsmål eller behov for rettleiing, kan du ta kontakt med næringssjefen.