Formål med strategien
Omdømmebygging for Skjåk kommune handlar om å bygge og ta vare på eit godt omdømme som skal gi betre utgangspunkt for å lykkast på ulike områder. Skjåk skal ha eit godt omdømme for at folk som bur her skal trivast og for at folk skal ha eit ynskje om å besøke oss og å flytte hit, samt at bedrifter vil etablere seg i Skjåk. Eit godt omdømme er avhengig av at vi er medvitne rundt kva vi er og kva vi ynskjer å vera, og at vi legg grunnlag for korleis vi snakkar om oss sjølve og korleis andre snakkar om oss. Skal ein realisere det potensialet som ligg i samspelet mellom kommunen, innbyggarane, organisasjonane og næringslivet i kommunen, må ein arbeide målretta og bevisst med omdømmebygging. Det er avgjerande å sikre seg at det er eit felles verdigrunnlag og ei forståing mellom aktørane når det gjeld kva Skjåk kommune skal vera og kva vi skal stå for.
Omdømmestrategien med tilhøyrande vedlegg har som mål å klargjere roller, forventningar og tiltak som skal gjennomførast i perioden 2022–2028.
Les eller last ned Omdømmestrategien her