Bli hjå oss!

Skjåk, Lom og Vågå samarbeider om prosjektet Bli hjå oss, med støtte frå Innlandet fylkeskommune. Målet er å styrkje bulysta i Ottadalen – både for dei som bur her i dag og for nye innbyggjarar.

Om

Bli hjå oss handlar å auke bulysta i Ottadalen. Både for dei som har budd her heile sitt liv og for dei som er tilflyttarar. Fråflyttinga frå området tydar på at ikkje alle opplever like stor "bli-lyst". 

Inkludering og integrering

Tilflyttingsstatistikken hjå kommunane viser at det ofte er tilflyttarar som flyttar ut att. Det er mange årsakar til det, men vi veit at manglande inkludering og integrering er ein del av bildet. Det kan vere utfordrande å komme flyttande til ein ny plass utan nettverk. Og dette er kanskje enda meir utfordrande i små samfunn slik som kommunane i Ottadalen. Eit godt nettverk er også viktig for dei som bur i bygdene slik at dei trivst og blir verande her.

Bulyst handlar om tilhørigheit

«Bulyst handlar om tilhørigheit og er viktig for trivsel, samhold og livskvalitet. Det kan fungere som ein katalysator for frivillig arbeid, hindre fråflytting, fremme innovasjon og livskvalitet. Eit av Innlandets tre utviklingsmål er "Levende lokalsamfunn med bærekraftige byer, tettsteder og bygder".  

Lokalsamfunn skal vere trygge, robuste og inkluderande. Aktivitetstilbod og tilgang til gode møteplassar er føresetnadar for inkludering. Dette kan bidra til at fleire vel å bli buande eller kjem flyttande til Ottadalen.»

Aktivitetane som skal gjennomførast i det 3-årige prosjektet er:

  • Å skape nye møteplassar
  • Å lage ein felles aktivitetskalender der alle tilboda i dei tre kommunane er synlege 
  • Utvikle eit levande nettverk for innbyggjarane, både til- og heimflyttarar, flyktningar og lokale som vil utvide nettverket sitt

Følg med her på kommunen si nettside eller bli med i Facebook-gruppa, for løpande informasjon om aktivitetane.