Skjåk kommune har eit tilflyttarkontor som skal vere ei dør inn for alle som flyttar til kommunen. Her kan du få informasjon, rettleiing og hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet.
Ei dør inn til Skjåk
Tilflyttarkontoret ligg ved næringsavdelinga i kommunen og er ein del av prosjektet Sats på Skjåk. Målet er å hjelpe nye innbyggjarar til rette i kommunen og svare på spørsmål om kva Skjåk kan tilby.
Informasjon og rettleiing
Tilflyttarkontoret kan gi informasjon om offentlege tenester, fritids- og handelstilbod, næringsliv og andre forhold som kan vere nyttige når du flyttar til Skjåk. Har du spørsmål om kommunen eller vurderer å flytte hit, kan du ta kontakt.
Kontakt med næringsliv og nettverk
Gjennom tilflyttarkontoret kan du bli sett i kontakt med næringslivet i kommunen og få oversikt over kva kompetanse offentlege og private verksemder etterspør. Vi kan også hjelpe deg med å kome i kontakt med lag, organisasjonar og andre nettverk i lokalsamfunnet.