Vurderer du å søkje jobb hjå oss?Slik søker du!Jobbsøknadan leverer du digitalt gjennom løysinga Skjema.no. Kommunen nyttar elektronisk søknadsskjema ved utlyste stillingar. Det er viktig å fylle ut utdanning og praksis i skjemaet.Sjå alle ledige stillingarHugs dette når du søkjer stilling i Skjåk kommuneNamnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkerliste. Du kan be om unntatt offentligheit, men då må du grunngi dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Kan ikkje kommunen imøtekome ønsket, vil du bli varsla før søkerlista blir ferdigstilt.Attestar og vitnemål kan du gjerne laste opp elektronisk. Dokumentasjon vil bli etterspurt i samband med eit eventuelt intervju, eller du kan bli bedt om å sende inn dokumentasjonen i forkant av eit intervju.For nokre stillingar (i skule, barnehage, helse- og sosialtenesta) blir det stilt krav til godkjent politiattest / tuberkulinprøve / undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA). Dette skal ikkje følge søknaden, men leggast fram dersom du får tilbod om stilling, og aksepterer tilbodet.For nokre fagstillingskodar (sjukepleiar, omsorgsarbeider med fleire) blir det stilt krav om autorisasjon eller fagbrev. Sist endret 11.08.2026 08.21