Aktivitetskalenderen FriskusI Skjåk brukar vi aktivitetskalenderen Friskus. Her legg lag og organisasjonar sjølv inn aktivitetane sine, slik at både innbyggarar og gjestar lett kan få med seg kva som skjer i kommunen.Sjå kalenderen for Skjåk herFriskusFriskus er ei norsk-utvikla løysing. Dette er ikkje eit sosialt medium, men ein algoritmefri kalender. Om du berre vil sjå kva andre har lagt i kalenderen, treng du ikkje lage deg ein brukar. Samlar regionenFleire kommunar i Nord-Gudbrandsdalen brukar no Friskus. Dermed kan du som innbyggar lett sjå kva som skjer på tvers av kommunegrensene. Viss du er arrangør, kan du huke av slik at aktivitetane dine blir synt fram i fleire kalendrar i nabolaget. Slik legg du ut ein aktivitetOm du vil legge ut ein aktivitet, treng du ein brukar. Det er lett å opprette, og nedanfor syner vi deg korleis. Du kan opprette aktiviteten din frå pc på friskus.com eller i Friskus kommune-appen. Vi tykkjer det er enklast å gjera det frå ein pc. Gå til skjaak.friskus.comTrykk her for Skjåk FriskuskalenderLag deg ein brukarFyrst lagar du deg enkelt ein brukar. Du treng ikkje gje frå deg noko anna enn telefonnummer eller e-post, og lage eit passord: Lag ein brukarkonto herOpprett ein arrangørkonto for laget dittSå lagar du ein arrangørkonto for din organisasjon. Her finn du ei enkel forklaring:Registrer din organisasjonOpprett ein aktivitet eller eit arrangementSå er du klar til å lage din fyrste aktivitet. Slik gjer du det:Lag ein aktivitet Sist endret 30.04.2026 13.54