edialog

Send brev og dokument til oss med eDialog. Ved å bruke tenesta eDialog kan du sende dokument til oss på ein trygg måte.

Send brev og dokument til oss med eDialog

Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Skjåk kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.

  • eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.

Framgangsmåte

Klikk her for å bruke eDialog

Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved evtentuelle vedlegg som pdf-filer. 

Utfylling av skjema

  • Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma
  • Alle obligatoriske felt er merka med *
  • I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - eksempelvis 90/17.
  • Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
  • Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt
  • Du får ei kvittering med referansenummer på epost

 

NB:Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m.

Gå til søknadsskjema