Skjåk kommune
Skjåk kommune ble opprettet 1. januar 1866 som selvstendig administrativ enhet, og navnet Skjåk har sin opprinnelse i gammelnorsk, Skidakr eller Skeidakr.
Bygda ligger langs en av de viktigste ferdselsårene mellom Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre og de andre Ottadalskommunene i øst, Vågå og Lom, Rv15.
Landbruksbygda med mange gårder ligger i et bredt dalføre med høye fjell på begge sider, furumoer og bratte lier og i dalbunnen elva Otta. Veien fra Stryn og fra Geiranger passerer Grotli og Billingsdalen med høyfjell og mange vassdrag, mens bygdesenteret Bismo ligger lenger nede.
Utanfor bustadområda er bygda prega av landbruk og reiseliv. Skjåk Almenning er ein av Noregs største private naturforvaltarar og eig mesteparten av arealet vest for Bismo. Skjåk Almenning har eit landareal på om lag to millionar dekar, noko som utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. I tillegg til nasjonalparkane er det to større naturreservat i Skjåk – Hondsrøve og Einstullie – som er oppretta for å verne gamal, urskogprega furuskog med sjeldne artar knytt til dette økosystemet.
Skjåk er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod for både innbyggjarar og næringsliv. Her finn du varierte fritidstilbod for store og små, mellom anna ein moderne barne- og ungdomsskule (2018), barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstenester, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsbane, kulturskule, bibliotek og skianlegg.
Nasjonalparkkommune
Breheimen og Reinheimen nasjonalpark byr på varierte naturopplevingar. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord, medan Breheimen nasjonalpark ligg i sør.
Næringsliv
Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting.
Geografi
Skjåk ligg lengst vest i Ottadalen i Innlandet fylke (tidl.Oppland) mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv.
- Skjåk grensar i nord til Norddal og Rauma i Møre og Romsdal og Lesja
- I øst og sørøst til Lom
- I sør til Luster i Sogn og Fjordane
- I vest til Stryn i Sogn og Fjordane og Stranda i Møre og Romsdal
Infrastruktur og kommunikasjon
Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minutter i bil. Til Otta er reisetiden ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som en "buffer" mellom bustadområda i aust og vest. Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover.
Klima
Skjåk har innlandsklima med svært lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Ifølgje Yr.no har Skjåk rekorden som den tørraste staden i Noreg – faktisk er det berre nokre få stader i Sør-Europa som er tørrare.